Your browser is not Javascript enable or you have turn it off. We recommend you to activate for better security reason
Haustkonsert 2018

YNB arrangerte haustkonsert i grendahuset på Bryggja søndag den 4 november. Det vart framført 12 nummer under ledelse av vår nye dirigent Arild Nyheim.
Om lag 150 publikummarar fekk med seg konserten, og det er kjekt at folk møter opp på våre arrangement.

Vi hadde gjestekor på haustkonserten, Kvartetten Drops frå Stadlandet. Dei framførte ni songar.
Vi er veldig glade for at Drops takka ja til å delta på konserten vår. Dei gjorde verkeleg ein flott figur og publikum var meir enn nøgde. Dei imponerte til dei grader og var med på å sette stemninga.

I tillegg til korpsmusikk og song, var det også kaffi, kaker og åresal.


Powered by CuteNews