Your browser is not Javascript enable or you have turn it off. We recommend you to activate for better security reason
Ønskekonsert

Det store prosjektet vårt i år var "Ønskekonserten 1969". Vi tok utgangspunkt i året 1969, og fann fram slagarar som var populære i ønskekonserten dette året.
Vi starta konserten med Bojarenes Inntogsmarsj, og det sette publikum i rette ønskekonsert-stemninga. Så fortsette vi som NRK brukar: Ei avdeling for dei minste. Kari sydde i hop konserten på en kjempeflott måte, og Rolf dirigerte med stødig hand. Kari hadde fått inn ønsker frå oss musikanter i korpset, der vi fekk ønske oss ein låt.
I den avdelinga spelte vi blant anna Pippi Langstrømpe, Olsenbanden, Pål sine høner og Blåmann blåmann, eit solostykke som Frank Hessevik så flott framførte.
Så fortsette vi ønskekonserten med både fellesstykker og solostykker, og vi fekk inntrykk av at publikum likte det dei høyrde.

I pausa var det utdeling av fortenestemedaljar. Elisabeth, Eli og Frank fekk 30 års medalje, Dagfinn fekk 40 års medalje og Kåre Moldestad fekk ein velfortent 50 års diplom. Han har vore musikant sidan Bryggja Skulekorps starta opp i 1964. Flott
innsats alle saman.

Etter pausa fortsette vi med både klassiske stykker og gamle svisker. Vi kan trekke fram solostykket, He ain`t heavy - he`s my Brother, med Caroline på althornsolo: Lekkert.

Ønskekonserten vart avslutta med ståande applaus frå publikum.
Vi vil takke kvar enkelt for at dei møtte opp.
Men, som alltid ønsker Ytre Nordfjord Brass at fleire tilhøyrarar kunne møtt opp når vi lager i stand slike krevjande arrangement. Med 60 betalande var det god plass til fleire.
Godt jobba alle solistar og resten av korpset under sesongens prosjekt!




Powered by CuteNews