Your browser is not Javascript enable or you have turn it off. We recommend you to activate for better security reason
Perler fra Notearkivet
Søndag 9. november arrangerte YNB sin haustkonsert, kalla "Perler frå notearkivet". Her hadde vi funne fram perler som vi ikkje hadde spelt på 20 år. Og den musikalske variasjonen var stor; alt frå marsjar, religiøse stykker, gamle "svisker" og tyrolermusikk.
Målet med konserten var å gje litt av kvart av sjeleføde til publikum, og det trur vi at vi greidde.
Karin hadde ein liten overraskelse også. Både til publikum og til musikantane. Ho oppfordra alle karane i korpset til å synge "Gode gamle Fanaråken" til Terje Våges trekkspel-akkompagnement. Det var suksess.
Under ledelse av dirigent Asbjørn Våge, hausta korpset mykje fin omtale. Og publikum kan berre glede seg til konserten vi skal ha til våren: "Back to the 80's".
Takk til Terje som spelte trekkspel til 2 av songane våra + Fanaråken, og takk til Asbjørn som leda oss flott gjennom konserten. Og til slutt: Takk til vårt trofaste publikum som aldri svikter oss.




Powered by CuteNews