Your browser is not Javascript enable or you have turn it off. We recommend you to activate for better security reason
Vårkonsert 2015

Så var det tid for Brassen sin tradisjonelle konsert. I år var temaet "back to the eighties". Noteutvalget hadde plukka fram svisker frå medlemmane i korpset si "storhetstid" :-) Vi har hatt ein kjempekjekke vår når vi har øvd inn desse gamle låtane. Mange gode minner dukka opp jamt og trutt når vi spelte gjennom musikken.
Vi tok fram både norske og utanlandske hitar. Både filmmusikk, popballader og skikkelig rocke-låtar.
Vi starta heile konserten med Hip to be square av Huey Lewis. Fortsette så vidare med Power of Love av Jennifer Rush, Beat it av Michael Jackson, Take my breath away (frå filmen Top Gun) Uptown Girl av Billy Joel og avslutta 1. avdeling med den norske pophiten Sunday people med Monroes.
Så måtte vi få igjen pusten og hadde pause med kaffi og kaker som høyrer med når korpset arrangerer konsert.
I neste avdeling spelte vi rockelåta Rock Mix av Bon Jovi, Lady in red av Chris De Burgh, Aha-portpurri, Nikita av Elton John, We are the world og avslutta med ein skikkeleg rockelåt av Europe: The final countdown.
Det er lenge sidan Brassen har hatt så mange publikum, og vi sette verkeleg pris på at så mange stilte opp på konserten vår. Vi hadde brukt dette året på å øve inn songane, men jammen brukte vi litt tid på kostyme og. Alle måtte vi heim til ho"mor" og høyre om ho hadde noko av dei gamle kledene våra i skåpa heime.
Og no fekk vi lov å buste håret, ta fram rosa og raude kle å gå med dei samtidig, kvite tennissokkar dukka opp, hockey-sveisen kom fram, plastøyredobbar, skinnjakke, poco-loco, pink lady og ikkje minst, skulderputene var også på plass. Dirigenten hadde leita fram sin raude snippkjole, og klarte verkeleg å sjarmere damene i publikum!
Dersom publikum hadde det like kjekt som medlemmane i korpset denne kvelden, ja då må vi seie dei hadde ein kjempeflotte opplevelse:-)






Powered by CuteNews