Your browser is not Javascript enable or you have turn it off. We recommend you to activate for better security reason
Oktoberfestival Raudeberg 2021
Etter ei lang koronapause starta korpset opp med øving i august. Vi starta med 13 musikantar på fyrste øving, men etterkvart har vi blitt 23 medlemmar når alle møter. Vårt fyrste oppdrag var å spele på "heim i haus" sin oktoberfest laurdagskvelden. Her spelte vi ompa-musikk som høyrer til ein skikkeleg oktoberfest. Vi hadde ei fin helg med øving på grendahuset fredagskveld og lørdag på dagtid. Så møttast vi på Raudeberg iført oktoberfest-kle og hadde ein koselig middag før vi entra scena. Vi starta festen kl 2100 og delte scena utover mot natta med Mistery og Local Lads. Det var god stemning i salen.

Powered by CuteNews