Tilbake

15/11/22

Vårkonsert 2020


Operahuset på Eid var møteplassen 8 mars, då Kjølsdalen skulemusikk arrangerte Stad kommune sin fyrste felleskonsert, der alle korps i kommuna var inviterte. 9 korps framførte eit par melodiar på kvar.
Vi nytta høvet til å spele Song til Stad av Birger Meland, arrangert for korps av Jon Inge Sigerland. Vi opna med ein salme for oppvarming, og slutta av med ein marsj, St. Julian.
Vi var veldig spente på lyden i Operahuset då det var fyrste gong Ytre Nordfjord Brass spelte i Operahuset. Vi, og dirigent Arild, var fornøgde. Det let bra, synes både vi og publikum.
Vårkonsert 2020