Tilbake

20/11/22

Ytre Nordfjord Brass sin Tromsø tur i mai 2022


Ytre Nordfjord Brass har vore på ei flott reise til Tromsø.

Vi reiste torsdag 26.mai med båt til Bergen og fly vidare direkte til Tromsø på torsdag. Vi overnatta på Scandic Ishavshotellet i Tromsø sentrum, kom heim søndagen 29.mai.

Fredag holdt vi konsert i Ishavskatedralen og der var publikum frå fleire land. Må sei dette var høgdepunktet på reisa. Vi fekk med oss tidlegere dirigent Kent-Eirik som bur i Tromsø til å spele ilag med oss der oppe.

Lørdag holdt vi konsert ute på Stortorget å der var mykje folk då det var motorsykkelen sin dag.

Fredag tok vi fjellheisen og fekk servert god mat der oppe. Fellesmiddagen lørdag var ein flott 4 retters innafor kvalkjøt og servert i Mathallen i Tromsø sentrum.

Her var mykje tid til å bli kjendt med den flotte byen. Hotellet kan anbefalast. Vi var heldige med veiret med oppi 18 grader og sol. Midnattsol var her også. Alle var einige om at dette var ein flott tur.

Takk til Eli og Karin som planla heile turen.

Ytre Nordfjord Brass sin Tromsø tur i mai 2022