Ytre Nordfjord Brass sin Tromsø tur i mai 2022

Ytre Nordfjord Brass har vore på ei flott reise til Tromsø. Vi reiste torsdag 26.mai med båt til Bergen og fly vidare direkte til Tromsø på torsdag. Vi overnatta på Scandic Ishavshotellet i Tromsø sentrum, kom heim søndagen 29.mai.Fredag holdt vi konsert i Ishavskatedralen og der var publikum frå fleire land. Må sei dette var høgdepunktet på reisa. Vi fekk med oss tidlegere dirigent Kent-Eirik som bur i Tromsø til å spele ilag med oss der oppe.Lørdag holdt vi konsert ...

Jubileumskonsert 2021

Neste speleoppdrag var 25-års jubileumskonsert i Grendahuset. Skulekorpset var gjestekorps. Johan Kroken var dagens konfransier og hadde samanfatta YNB sine 25 år i eit fint resyme. Vi hadde kaffi, kaker, aftentrekning og åresal. Korpset er veldig takknemlige for alle publikummarane som kom og hørte på konserten vår. Fjordenes Tidende stilte opp og vi fekk ei heil sides reklame i neste avisutgåve, og masse bilder av det flotte nye antrekket vårt. Blå skjorter, sløyfe i halsen, svart vest og ytterjakke.

Oktoberfestival på Raudeberg 2021

Etter ei lang koronapause starta korpset opp med øving i august. Vi starta med 13 musikantar på fyrste øving, men etterkvart har vi blitt 23 medlemmar når alle møter. Vårt fyrste oppdrag var å spele på "heim i haus" sin oktoberfest laurdagskvelden. Her spelte vi ompa-musikk som høyrer til ein skikkeleg oktoberfest. Vi hadde ei fin helg med øving på grendahuset fredagskveld og lørdag på dagtid. Så møttast vi på Raudeberg iført oktoberfest-kle og hadde ein koselig middag før vi ...