Vårkonsert 2020

Operahuset på Eid var møteplassen 8 mars, då Kjølsdalen skulemusikk arrangerte Stad kommune sin fyrste felleskonsert, der alle korps i kommuna var inviterte. 9 korps framførte eit par melodiar på kvar. Vi nytta høvet til å spele Song til Stad av Birger Meland, arrangert for korps av Jon Inge Sigerland. Vi opna med ein salme for oppvarming, og slutta av med ein marsj, St. Julian. Vi var veldig spente på lyden i Operahuset då det var fyrste gong Ytre Nordfjord ...

Vårkonsert 2019

YNB arrangerte vårkonsert søndag 7.april 2019 på Flatraket. Bra med folk møtte opp på Flatraket skule denne ettermiddagen, og fekk med seg flott musikk, samt kaffi og kaker.Dette var første gong YNB spelte konsert i skulen på Flatraket med Arild som dirigent, og det gjekk feiande flott.En del av solistane denne gongen var "flatrakarar", både Inger, Vigdis, Kjetil og Elisabeth.Vigdis Hopland var også solist på et stykke.Ingen gjorde seg bort. Flott levert.

Haustkonsert 2018

YNB arrangerte haustkonsert i grendahuset på Bryggja søndag den 4 november. Det vart framført 12 nummer under ledelse av vår nye dirigent Arild Nyheim.Om lag 150 publikummarar fekk med seg konserten, og det er kjekt at folk møter opp på våre arrangement.Vi hadde gjestekor på haustkonserten, Kvartetten Drops frå Stadlandet. Dei framførte ni songar.Vi er veldig glade for at Drops takka ja til å delta på konserten vår. Dei gjorde verkeleg ein flott figur og publikum var meir enn nøgde. ...