Konsert i Sagastad 2023

I år var det Ytre Nordfjord Brass som var arrangørar av årets Samklang i Sagastad. Dette er ein etterkvart tradisjon med dei tre voksnekorpsa i Stad Kommune. Deltakarar var Ytre Nordfjord Brass, Kjølsdalen Musikklag og Eid Musikklag.Nesten 100 publikummarar fekk med seg ein fin konsert med gode musikalske framføringar fra alle tre korpsa.

Ytre Nordfjord Brass sin Tromsø tur i mai 2022

Ytre Nordfjord Brass har vore på ei flott reise til Tromsø. Vi reiste torsdag 26.mai med båt til Bergen og fly vidare direkte til Tromsø på torsdag. Vi overnatta på Scandic Ishavshotellet i Tromsø sentrum, kom heim søndagen 29.mai.Fredag holdt vi konsert i Ishavskatedralen og der var publikum frå fleire land. Må sei dette var høgdepunktet på reisa. Vi fekk med oss tidlegere dirigent Kent-Eirik som bur i Tromsø til å spele ilag med oss der oppe.Lørdag holdt vi konsert ...

Jubileumskonsert 2021

Neste speleoppdrag var 25-års jubileumskonsert i Grendahuset. Skulekorpset var gjestekorps. Johan Kroken var dagens konfransier og hadde samanfatta YNB sine 25 år i eit fint resyme. Vi hadde kaffi, kaker, aftentrekning og åresal. Korpset er veldig takknemlige for alle publikummarane som kom og hørte på konserten vår. Fjordenes Tidende stilte opp og vi fekk ei heil sides reklame i neste avisutgåve, og masse bilder av det flotte nye antrekket vårt. Blå skjorter, sløyfe i halsen, svart vest og ytterjakke.